«Parkinson gruppa» er eit gruppetilbod til personar med kroniske parkinsonliknande sjukdomsutfordringar. Stemmevanskar er ei utfordring for gruppa. Tilbodet vert arrangert ved Stord kommunale rehabiliteringssenter ein gang i veka. Fysioterapeut Andreas Sirevaag og logoped Reidun Aarskog er fagleg ansvarlege for tilbodet.

- Tilbodet er lagt opp slik at ein startar med fysisk aktivitet og trening i gruppe med rettleiing frå fysioterapeut og logoped. Det er og lagt stor vekt på sosialsamling der ein tek opp ulike tema som for eksempel meistringsstrategiar, hjelpemiddel som kan betre kvardagen til den enkelte. Det å vera saman og bygge nettverk med personar som kjenner seg att i dei utfordringane ein har er avgjerande, seier Reidun Aarskog.

Kriteria for å delta i gruppetilbodet er at ein må komme seg til og frå sjølv og ein må kunne delta både fysisk og sosialt for å ha utbytte av tilbodet. Reidun Aarskog peikar på at dette er eit tiltak som betrar fysisk funksjon og livskvalitet.

Marit Digernes nyttar tilbodet til «Parkinsongruppa», ho fekk sjølv diagnosen parkinson før ho fylte 50 år. Ho fått tilbod om spesialisert rehabilitering på austlandet, og tilbod om kurs og undervisning sidan ho var under 55 år. Det er ikkje mange slike kurs for dei over 55 år.

Det er ca. 8000 som har parkinson i Norge og personar med parkinson har 10 gangar større sansynlegheit for å bli institusjonsbebuar. Marit seier det er avgjerande at ein kan førebygge med trening og oppfølging, og at ein ved det kan bu lengre heime. Det er avgjerande for livskvaliteten å kunne bu heime så lenge som mogelig.  

Marit seier vidare at mange med parkinson kjenner på skam og tap. Ein skjelv på hendene, mister språk, vert sein i bevegelsar og det er ein stor fare for å isolere seg. Ho seier vidare at studiar viser at 80 % av personar med Parkinson har depresjon i ulik grad.

Det er svært viktig med eit kommunalt tilbod, det er positivt å komme saman, dela og læra av kvarandre. Ein får auka kompetanse om seg sjølv og sin situasjon, auka meistring og funksjon som igjen kan føre til reduksjon av medisinar.

Dei som deltek blomstrar opp, ein kan strekke seg og delta på det nivået ein er på. Marit rosar det kommunale tilbodet som er avgjerande for denne gruppa, og trekk fram kompetansen til fysioterapeut og logoped som avgjerande. Marit opplever at helsevesenet generelt har liten kompetanse på parkinson, det er såleis svært viktig at ein kan ha desse møtepunkta der fagfolka har høg kompetanse og mykje erfaring.

Er du i målgruppa for tilbodet treng du hendvending frå lege, eller du tek kontakt med faglege ansvarlege. 

parkinson.no finn du nyttig informasjon.