Det er Nasjonalforeningen for folkehelse sin kampanje "Demensvennlig samfunn" Stord kommunen no blir med på.  Ordførar Gaute Straume Epland og rådgivar Ingvild Tjønn Hansen frå Nasjonaforeningen for folkehelsen signerte avtala i kommunestyret i dag.

Målet med kampanjen for eit meir demensvenleg samfunn, er at menneske med demens skal møts forståing, respekt og støtte frå dei gruppene i befolkningen som dei trenge hjelp frå. Det vil gjere det mogleg for dei å utføra vanlege kvardagsaktivitetar, som for eksempel:

  • å handla
  • bruka offentleg transport
  • kommunisera med offentlege myndigheiter
  • delta i foreiningsliv
  • vera i fysisk aktivitet
  • bruka kulturaktivitetar som for eksempel bibliotek, kino og konsertar

Nasjonalforeningen for folkehelsen ønskjer at personell i offentleg og privat servicenæring, som for eksempel bibliotekarar, butikkmedarbeidarar, kioskmedarbeidarar, servitørar, bussjåførar og medarbeidarar på kundetorget til kommunen, skal få opplæring i korleis dei best mogleg kan møta menneske med demens.