Mållaget arbeider for aktiv bruk av nynorsk på alle plan i samfunnet. Språk, identitet og sjølvkjensle heng nært saman, og media er førande for haldningar, også når det gjeld skrifts- og talemål. Stord Mållag har gjennom fleire år kåra årets beste nynorskannonse. For eitt par år sidan valde dei ei litt anna vinkling og har difor plukka ut dei beste heimesidene som kommuniserer på eit godt nynorsk.

Her fekk Stord kommune si heimeside første plassen i tevlinga om "Beste heimeside 2019".

 - Dette er me stolte og glade for og ei fin fjør i hatten til dei som jobbar med heimesidene våre, seier rådmann Magnus Mjør.