Prosjektet inngår i den nasjonale handlingsplanen for universell utforming. I perioden 6. – 17. august vil dei to prosjektmedarbeidarane Yngvild B. Furunes og Ane Agdestein måla og registrera tilgjenge for rørslehemma og synshemma i utvalde område i og rundt Leirvik sentrum. Det blir nytta verktøy frå Kartverket, og kartlegginga vil bli registrert i digitale kart. Grad av tilgjenge blir synleggjort med fargekodar.

Kartlegginga vil m.a. inngå i grunnlaget for ny sentrumsplan. Det er uteområde og inngangsparti som skal kartleggjast.

Les meir om prosjektet hjå Statens kartverk.

Sjå resultat av kartlegginga hjå Norgeskart.no.

I samråd med brukarrepresentantar vil følgjande område bli prioritert:

Prioritet 1

  • Tilkomstvegar, fortau og parkeringsplassar i Borggata, torget, Torgbakken, Osen til Amfi-senteret og kulturhuset
  • Inngangar til offentlege kontor/funksjonar og helsetenester i sentrum
  • Inngangar og parkering til idrettsanlegget på Vikahaugane, Stord vidaregåande skule og Stord ungdomsskule. Tilkomstvegar frå idrettsanlegg/skular til sentrum. Tilkomst til Landåsen friområde

Prioritet 2:

  • Tilkomstveg langs kaifronten i Hamna ut mot Teinevika
  • Inngangar til butikkar og utestadar i sentrum. 
  • Skrivarvegen
  • Turvegen langs Ådlandsvatnet