Barnehagane har siste tida arbeidd med innspel til dei tre planane. Borna har uttrykt seg gjennom teikning, foto, musikk og film! Ordførar var med og tok i mot innspela, og borna fekk snakka med ordføraren om både det eine og det andre.

Møte var ein del av pilotprosjektet om barn og unge si medverknad i planprosessar som Stord kommune har fått midlar til frå Kulturtanken. Etter jul held prosjektet fram med elevar frå grunnskulen.