Dersom resultatet av handsaminga vert avslag eller, det i løyve er sett vilkår du er ueinig i, kan du klage på vedtaket. 

Klage på vedtak

Fristen for å klage er 3 uker frå du mottok melding om vedtaket. Klagen må vera postlagt før fristen går ut. 

  • Klagen må vera skriftlig og grunngjeven
  • Me vurderer klagen først og kan endra vedtaket vårt
  • Dersom me ikkje er einige i klagen din vert den lagt fram for politisk handsaming, og sendt til fylkesmannen dersom utvalet er einig med administasjonen
  • Fylkesmannen avgjer klagen

Kva skal klagen innehalde?

  • Kva vedtak du klagar på
  • Den eller dei endringar du ønskjer
  • Grunngjeving for klaga
  • Eventuelle andre opplysningar som kan ha noko å seie for vurdering av klagen

Send klagen til:

Stord kommune
Postboks 304
5402 Stord

E-post: post@stord.kommune.no

eDialog - Sikker innsending av dokumenter til kommunen