Ei viktig forklaring er sjølve einingsdrifta, der dei fleste einingane er i balanse. Stord hamnestell leverer òg positivt resultat i 2016.

- Me må seia oss nøgde med eit slikt resultat. Det er mange som har gjort ein god jobb. Overskotet skal finansiere store investeringar i 2017, og reduserer låneopptak tilsvarande, seier rådmann Magnus Mjør.

Ordførar Harry Herstad ser seg tilfreds med at ein har nådd budsjettmåla.

- Dette var viktig for oss. Eg er svært nøgd med den innsatsen som er lagt ned, seier han.

Rekneskapen er ikkje revidert, og det kan koma endringar.