Avkastninga på kraftsalsfondet vart på 5,1 mill. kr svakare enn budsjettert. Dette vert likevel delvis kompensert med at kommunen sine renteutgifter vart 2,7 mill. kr lågare. Det er og eit negativt avvik på eigedomsskatt på 1,089 mill. kr som skuldast retaksering av leidningsnett i kraftselskap. Ein har ikkje nådd innsparingsmåla for trepartssamarbeidet, som gjev eit avvik på 3,5 mill. kr. Til tross for svak skatteinngang får kommunen, som følgje av inntektsutjamninga, berre ei mindreinntekt på 0,3 mill. kr.

Einingane går for det meste med overskot. Sentraladministrasjonen har eit mindreforbruk på 0,135 mill. kr. Oppvekstområdet har samla eit positivt avvik på omlag 0,1 mill. kr, sjølv om barnevernet går ut med 3,5 mill. kr i minus. Avviket innanfor rehabilitering, helse og omsorg på 7,6 mill. kr. vart varsla i siste budsjettrevisjon.

- Det er ei utfordring at budsjettet ikkje har reservar til å ta opp i seg uføresette hendingar og nye brukarar, seier rådmann Magnus Mjør, som gler seg over at utanom dei varsla avvika så går einingsdrifta i pluss. Forutan dei varsla avvika driv einingane i det store og heile i balanse eller med overskot. Det er mange som har gjort ein god jobb for å få dette til.

Einingane innanfor næring, miljø og kultur driv med overskot. Dei gebyr- og avgiftsfinansierte tenestene vatn og avlaup og byggesak og oppmåling har likevel bokførte avvik på 1,6 og 1,2 mill. som må finansierast opp av  komande gebyrinntekter. Stord hamnestell leverer 6,2 mill. i overskot.

-Sjølv om me ikkje når det opphavlege budsjettmålet, går kommunen med over 12 millionar i overskot i 2018. Det betyr at det samla overskotet dei siste fire åra er på over 100 millionar kroner. Det er eg godt nøgd med, særleg med tanke på innstrammingane i kommuneøkonomien frå regjeringa si side, og at me har gjort uvanleg store investeringar i denne perioden, seier ordførar Gaute Epland. Med unntak av varsla avvik som i liten grad kommunen har kontroll med, går einingane i all hovudsak i balanse. Det vitnar om god økonomistyring og budsjettdisiplin i heile organisasjonen.

* * * * * *

Rekneskapen er ikkje revidert, og det kan koma endringar.