Bakgrunnen for det gode resultatet er samansett. Einingane utanom sjølvkostområda har eit samla positivt resultat på 10 mill. kr. Einingane er kompensert kostnadene med korona, men viser også god økonomistyring. I tillegg har ein fått hjelp av låge straumprisar og eit rimeleg lønsoppgjer. Låg reiseaktivitet og lite kursing har naturlegvis også gitt innsparingar på driftsbudsjettet. Stord hamnestell hadde eit meirforbruk på 0,6 mill. kr.

- 2020 vart eit heilt spesielt år. Korona-epidemien utfordra kommuneorganisasjonen i alle ledd. Det vart utfordrande og krevjande, men har også fått fram det beste i organisasjon og medarbeidarar. Folk har tatt ansvar og organisasjonen har synt omstillingsevne, seier rådmann Magnus Mjør. Kommunen har i det store og heile helde oppe drifta og tenesttilbodet, dei tilsette fortener ros og takk, seier han. – Og det er sjølvsagt ekstra hyggeleg at me dette året går ut med eit svært godt økonomisk resultat. Me har også eit rekordlågt sjukefråvær, når me korrigerer for det som skuldast korona.

Skatteinngangen i 2020 var på 543,4 mill., nær 6,7 mill. kr høgare enn budsjettert. Kommunen har fått kompensert dei ekstra utgiftene som følgje av korona-epidemien. Desse er ført saman med rammetilskotet og inntektsutjamninga, og er 11,5 mill. over budsjett.

Børsane stupte først på året, men tok seg sidan kraftig opp att. Samla sett har kommunane eit positivt avvik på «finansområdet» på 2,1 mill. kr.

- Dette er eit veldig gledeleg resultat i eit krevjande år, som vitnar både om trygg økonomisk styring over tid og god budsjettdisiplin i heile kommuneorganisasjonen. Kommuneøkonomien er i stor grad styrt av eksterne faktorar me i liten grad kontrollerer sjølve. I år slo fleire av desse godt ut for Stord kommune. Uavhengig av dette er det viktig å ha god styring med det me faktisk kan kontrollera, og syta for at me i år som dette betalar ned gjeld og byggjer opp disposisjonsfond. Trygg og langsiktig økonomisk styring er alltid grunnlaget for handlefridom og god tenesteproduksjon, seier ordførar Jakob Bjelland.  

Gjelda auka i 2020 med 305 mill. kr og var ved utgangen av året 2,53 mrd. kr. Ved årsskiftet var 111 mill. av låneopptaket unytta, slik at den reelle gjeldsveksten i 2020 var på 8,7 prosent. Auken var likevel over landsgjennomsnittet på 8,1 prosent.

* * * * * *

Rekneskapen er ikkje revidert, og det kan koma endringar. Dei ulike postane i rekneskapen vil bli nærare kommentert i årsmeldinga.