Bakgrunnen for det gode resultatet er først og fremst at skatteinngangen tok seg opp monaleg på slutten av året. Kommunen fekk til saman 34,3 mill. kr i meirinntekt på skatt og rammetilskot.

Einingsdrifta går samla sett i pluss. Einingane er full kompensert kostnadene med korona, men viser i tillegg god økonomistyring. Drifta av skular og barnehagar går ut i pluss.

RHO-einingane har samla sett eit negativt avvik på 6,9 mill. kr, som utgjer 1,8 prosent av budsjettet innanfor tenesteområdet. Det er noko over det som vart varsla siste budsjettrevisjon. Største avviket er ressurskrevjande tenester, som har ei underdekning på 3,5 mill. kr. Mykje av avviket elles er som følgje av kjøp av tenester frå vikarbyrå og overtidsbruk.

Einingane innanfor plan og utvikling, dei tekniske tenestene, driv med eit samla overskot på 1,3 mill. kr. Årsrekneskapet til Stord hamnestell blei gjort opp i balanse ved bruk av 0,17 mill. frå disposisjonsfondet.

- Også i 2021 var drifta prega av koronasituasjonen, men kommunen har i det store og heile helde oppe tenesttilbodet. Dei tilsette fortener stor ros og takk, seier rådmann Magnus Mjør. - Og det er igjen hyggeleg å kunna visa til eit godt økonomisk resultat.

Innanfor finansområdet er det eit samla positivt avvik på 4,6 mill. kr. Den største summen er knytt til meirinntekter frå kapitalforvaltninga.

Dette er eit veldig gledeleg resultat i eit år som har vore krevjande på fleire måtar. Det vitnar både om trygg økonomisk styring over tid og god budsjettdisiplin i heile kommuneorganisasjonen. Kommuneøkonomien er i stor grad styrt av eksterne faktorar me i liten grad kontrollerer sjølve. Uavhengig av dette er det viktig å ha god styring med det me faktisk kan kontrollera. Trygg og langsiktig økonomisk styring er alltid grunnlaget for handlefridom og god tenesteproduksjon, seier ordførar Gaute Straume Epland.  

Gjelda auka i 2021 med 320 mill. kr og var ved utgangen av året 2,85 mrd. kr.

* * * * * *

Rekneskapen er ikkje revidert, og det kan koma endringar. Dei ulike postane i rekneskapen vil bli nærare kommentert i årsmeldinga.