Gjennom året har mange faktorar påverka forventa resultat. Ved siste budsjettrevisjon la ein til grunn at underskotet ville bli 42 mill. kr. Den viktigaste endringa sidan då, er auke i skatteinngang og skatteutjamning på 32 mill. kr. Energiprisane vart heller ikkje så høge som ein la til grunn i andre budsjettrevisjon, og kostnader til straum, fjernvarme og gass vart 6,6 mill. kr under estimatet frå andre budsjettrevisjon.

Det var lenge uvisse knytt til kompensasjonen av koronakostnader. Den 23. desember fekk me endeleg svar, og Stord kommune vart kompensert med 40,3 mill. kr av dei samla kostnadane våre på 45,6 mill. kr. 

Eit anna stort tal det har vore knytt usikkerheit rundt i 2022 er integreringstilskot. Stord kommune sa ja til å busetja 175 flyktningar. Flyktningane kom noko seinare enn først forventa og samla tal busette flyktningar i Stord kommune i 2022 vart 105. Dette påverkar både integreringstilskotet og kostnader knytt til busetting av flyktningar.

Stord kommune fekk eit ekstraordinært utbyte frå SKL på 6,4 mill. kr medan andre finanspostar hadde eit negativt avvik på 3,4 mill. kr.  

Oppvekstområdet hadde eit samla mindreforbruk på omlag 6,9 mill. kr. i fjor. Stordelen av dette skuldast reduksjon tal barn i private barnehagar og færre familiar med søskenmoderasjon. I tillegg var det mindreforbruk både i vaksenopplæringa og Eining for førebyggjande tenester. Skulane hadde eit meirforbruk på til saman 1,7 mill. kr som i stor grad er knytt til naudsynte tiltak gjennom året og vikarbruk knytt til sjukefråvær.  

Einingane innanfor rehabilitering, helse og omsorg hadde eit meirforbruk på til saman 7,2 mill. kr i fjor. Store delar av dette er knytt til høgt sjukefråvær og bruk av vikarar. Området vart også ramma av at koronakostnadane ikkje vart fullt ut kompensert.

Dei siste oppdaterte innbyggjartala frå SSB syner og at Stord kommune per 31.12.22 hadde eit samla innbyggjartal på 19 098.  Dette er ein vekst på 179 innbyggjarar, eller nær 1% noko me syns er svært kjekt. Det å ha ein positiv vekst er viktig for kommunen på mange måtar og med tanke på skatt og rammer framover. 

- Dette er eit gledeleg resultat. Sjølv om mykje er å takka auke i skatteinngang og skatteutjamning, samt at straumprisane trass alt ikkje vart så høge som me hadde frykta, så driv einingane i hovudsak i balanse noko som vitnar om god budsjettdisiplin i heile kommuneorganisasjonen. Det er svært mange som har gjort ein god jobb for å få dette til. Etter ein krevjande haust er det ekstra kjekt å leggja fram eit godt resultat sett i forhold til tala slik dei såg ut ved andre budsjettrevisjon, seier konstituert rådmann Mariann Jacobsen Hilt. 

- 2022 var eit uvanleg krevjande og usikkert år økonomisk. Midtvegs i året låg det an til eit betydeleg meirforbruk særleg på grunn av auka rente- og energikostnader. Det er såleis gledeleg at me endar opp med eit positivt resultat til slutt, mykje takka vera den store aktiviteten i næringslivet vårt, seier ordførar Gaute S. Epland. Samstundes er resultatet lågare enn det me har som mål, og det vert naudsynt med stram økonomistyring også i åra framover. Trygg økonomisk styring er føresetnaden for handlefridom og god tenesteutvikling.

Rekneskapen er ikkje revidert, og det kan koma endringar.