Anne-Margrethe byrja på musikkavdelinga på HSH i 2005. Der hadde ho tre kjekke og lærerike år. Ho gjekk vidare på engelsk årsstudium, og deretter vidare på PPU. I seinare tid har ho vidareutdanna seg både i matematikk og norsk gjennom kompetanse for kvalitet på HVL. 

Kor lenge har du hatt noverande stilling?

Planen var aldri å verta lærar, men då eg vart rettleia til å ta Praktisk Pedagogisk Utdanning, fekk eg punktpraksis på Langeland skule dei to åra det studiet varte. Dette var hausten 2009, og i løpet av dei fire påfølgande åra fekk eg tilbod om større og mindre vikariat på skulen før eg fekk tilbod om fast jobb. Eg har jobba på Langeland skule sidan då, seier Madtsen.

Madtsen seier at det vert spanande å sjå skulen frå ein annan ståstad. 

Sjølv om eg har ein del erfaring frå tillitsverv i Utdanningsforbundet, og eit par år i administrasjonen på skulen, er det noko heilt anna å tre inn i denne rolla. Eg veit at Langeland er ein god stad å vera både for vaksne og barn. Elles føler eg at eg har tillit blant kollegaene mine til å gjera denne jobben, og gler meg difor til å ta fatt på hausten.

Kva tenkjer du at du vil trivast med/kan vera utfordrande som rektor?

Eg veit at rektorane har svært mange utfordringar, og mange svært utfordrande oppgåver. Både administrativt, men også relasjonelt. Det er ein stor skule med 62 tilsette, rundt 400 elevar og bort imot dobbelt så mange føresette å forhalda seg til. Det vil nok ta tid å setja seg inn i mykje, men eg har heldigvis eit godt lag rundt meg i dyktige tillitsvalde, tilsette og ikkje minst administrasjon. Dessutan har Anita Eriksen og administrasjonen lagt eit utruleg godt grunnlag for rutinar, system og godt arbeidsmiljø på skulen. Eg håpar eg kan vidareføra den kursen, avsluttar Madtsen.

Den formelle tilsettinga er frå 01.08.23. Det er mykje som skal klargjerast før eit nytt skuleår, så sjølve arbeidet startar nok før den tid.  

Me ønskjer ho lykke til som konstituert rektor.