Fagbreva vart utdelt torsdag 6. november på rådhuset av ordførar Liv Kari Eskeland og rådmann Magnus Mjør. Både ordførar og rådmann holdt tale til dei lovande fagarbeidarane. Ordføraren takka for at fagarbeidarane hadde valde kommunen som lærestad.

- Det er svært viktig for einingane at desse faga blir holdt i hevd, sa ordføraren.

Fagopplæringskontoret ved Signe Ekeland holdt også tale. Ho synes det var veldig kjekt å vera med på utdelinga av fagbrev, og sjå at lærlingane har kome i mål med utdanninga.

- Det kan vera ei utfordring å vera lærling då ein startar eit arbeidsforhold samstundes som ein er under utdanning, men eg ser de gjer det med glans, sa ho i talen sin.

Tiril Eirunn Einarsdotter sto for det musikalske innslag under arrangementet.

I jobb

Sondre Solheim Agersborg har fått jobb i Sævarhagen FUS barnehage fram til jul.

- Eg har planar om å jobba ei stund og så kanskje ta meir utdanning. Eg er heldig som har fått jobb så snart etter at eg var ferdig med læretida, seier Agersborg. 

Bilete på topp:
Framme frå venstre: Kine Lilledal Meland og Hilde Holsen. Bak frå venstre: ordførar Liv Kari Eskeland, Sondre Solheim Agersborg, Kristine Herskedal Ersland, Jon Christian Bjørk Eikefet, Sophie Amalie Hjelland, Maria Karlsen Andresen og rådmann Magnus Mjør.

Even Matre Larsen, Ida Christine Jensen, Bergithe Torsnes, Hanne Kristine Sjo, Kornelia Vestvik Matre og Thea Andersen var ikkje til stades under fagbrevutdelinga.