Jubileumsskriftet skal gjennom skrift og bilete både framstilla og reflektera over utviklinga av byen desse 25 åra, og korleis byen vil utvikla seg dei neste 25 åra.

Kommunestyret løyvde inntil kr 200 000 i første budsjettrevisjon til dette arbeidet. Det vart samtidig nemnd opp ei redaksjonsnemnd som skal ha ansvar for prosessen, med følgjande medlemmer:

  • Magne Rommetveit, tidlegare ordførar, han var blant anna med på prosessen når Stord vart by
  • Jane Jünger, marknadssjef hjå Wartsila og tidlegare leiar på Sunnhordland museum 
  • Trond Haga, tilsett i Aker Solutions og er i tillegg historikar og forskar
  • Magne Bjelland, tidlegare tilsett hjå Aker Solutions og politikar, har innlegg i Stordsoga og sit i styret i Stord Maritime Museum

I tillegg er kulturrådgjevarane Ragnhild Tveit og Runa Nordahl sekretær og koordinator for nemnda. På oppstartsmøte var ordførar og fungerande rådmann også med. 

Målet er å ha jubileumsskriftet ferdig i løpet av jubileumsåret 2022.

Jane Jünger var ikkje til stades på oppstartsmøtet.