I samband med Rehabiliteringskonferansen 3-5. august i år har alle Helse Fonna kommunane blitt utfordra til å vera med i ein matkonkurranse. Konkurransen går ut på å laga ein hovudrett og dessert med lokale råvarer. Det vil bli kåra ein vinnar.

Frå Stord kommune stiller ordførar Liv Kari Eskeland og kokk Ola Dahl Andersen. Sistnemnde  var prosjektleiar i forprosjektet Lokalmat i 2014.

Kan du hjelpa oss

For å få tak i sunne og gode oppskrifter samt kortreist mat og drikke, oppfordrar me innbyggjarane i kommunen til å koma med idear og tips til konkurransen.

Har du, eller veit du om nokon som har ei sunn og god oppskrift på hovudrett og dessert eller som har råvarer å by på? Som for eksempel grønsaker og urter mm. eller som lagar kaffi, vin eller øl, eller rett og slett veit kvar me kan plukka dei beste kantarellane på Stord?

Ta kontakt på e-post nettsida@stord.kommune.no eller via facebook sida vår.