Jørund Tvedt går av med pensjon til våren og Marianne Kannelønning takka i går ja til å bli ny barnevernleiar i SIB.

Kannelønning er utdanna barnevernspedagog og har vidareutdanning i barnevernsjuss og veiledning av tilsette innan barnevernsfeltet. Ho har jobba i barnevernstenesta sidan 2005 og har vore ein del av leiargruppa sidan 2009. No kjenner ho at det er på tide med nye utfordringar.

Eg har vore ein del av leiargruppa i om lag 13 år og kjenner tenesta svært godt. Det skjer mykje spennande på barnevernsfeltet for tida i forhold til ny barnevernlov og oppvekstreforma, og eg ynskjer svært gjerne å vere ein aktiv del i tenesteutviklinga i Sib og elles i samarbeid andre kommunale tenester i Stord, Bømlo og Fitjar kommune, seier Kannelønning.

Sib er ein interkommunal barnevernteneste, som er samlokalisert på Stord. 

Eg ser fram til å jobba tettare inn mot dei andre einingane i dei 3 kommunane, Stord, Bømlo og Fitjar, med mål om å få til eit godt heilhetlig tilbod for utsette barn, unge og familiar i kommunane. Eg tenker at Sunnhordland interkommunale barneverntenesta alt er ei solid teneste. Min jobb blir å oppretthalde det som er bra, samt bidra til å vidareutvikla og stryka tenesta. Me jobbar ofte med sårbare barn og familiar som gjerne er i krise. Dette er eg audmjuk for og er oppteken av at tenesta som heilhet også skal vere det.

Me ønskjer ho lukke til i ny jobb hjå oss.