Barane jobbar i dag som avdelingsleiar på sjukeheimen og har gjort det sidan 2019. Ho er utdanna sjukepleiar med vidareutdanning i geriatri, helseleiing og helsevitenskap. 

Når me spurte kvifor ho søkte ny jobb svara ho følgjande:

Det verka som ei spanande stilling med nye utfordringar og moglegheitar der eg kan bidra med å nå nye mål og forma morgondagens helsetenester til det beste for innbyggjarane i Stord kommune, seier Barane.

Sjølv om Barane har jobba ei stund på sjukeheimen er det likevel ei annleis rolle ho går inn i no.

Eg trives svært godt på Stord sjukeheim. Det er ein travel, men og god arbeidsplass med mange dyktige tilsette. Eg ser fram til å jobba vidare i felleskap med leiargruppa/ administrasjonen og ikkje minst resten av tilsettgruppa ved sjukeheimen. Me vil gå i møte ei tid der ressursar ikkje er like tilgjengelege som før, me vil difor måtte utfordre oss sjølve med å tenke nytt kombinert med å bruke erfaringane me har for å løysa desse utfordringane på ein god måte. Eg vil og jobba aktivt i lag med dei ulike einingane, slik at me i felleskap kan gje gode og trygge helse og omsorgstenester i kommunen, avsluttar Barane.

Britt Nelly Hystad Barane tiltrer ny jobb etter avtale med kommunalsjef. 

Me ønskjer ho lykke til i ny stilling på Stord sjukeheim.