Elisabeth Aarekol er 51 år og har i utgangspunktet lærarutdanning frå Stord lærarhøgskule, og mellomfag i kunst og handverk frå Notodden. Som videreutdanning har ho veiledningspedagogikk, vurdering for læring, skuleleiing og prosessleiing. 

Dette svara ho når me spør om ho er frå Karmøy?

Eg likar eigentleg å seie at eg er frå Stord. Eg vart født i Haugesund i 1972, men familien min flytta til Stord, der eg budde til eg var nesten tolv år. Eg gjekk då på Rommetveit skule. Deretter flytta me til "fastlandskarmøy". Eg ville bli lærar, og reiste tilbake til Stord og lærarhøgskulen. Eg fekk jobb i Stavanger etter endte studier, og budde nokre år her, før eg flytta med mann og barn tilbake fastlandskarmøy, nærare bestemt på Vormedal. I dag bur eg i Haugesund, men er mykje på Stord både i vekedagar og i helger, seier Aarekol.

Aarekol søkte på jobben fordi ho ser på dette som ein spanande og interessant utfordring. 

Eg jobbar i dag som rektor i Karmøyskulen, og trives veldig godt i rolla. Samtidig er det viktig å seie at eg er glad i Stord, - både folka, naturen og kulturen på øya, fortsett Aarekol.

Aarekol har jobba i Karmøy kommune i snart 25 år og rektor på Åkra skole i omlag tre år.

Etter tre år som rektor i Karmøy, veit eg litt om kva for utfordringar som kan dukke opp på mitt bord. Her handlar det om å finne løysingar og tiltak for dei som er involverte. Rektorrolla er svært samansatt, og dagane er varierte. Det eg likar best med jobben, er alle menneska eg kjem i kontakt med. I skulen får ein mogelegheiten til å gjere ein forskjell i nokon andre sitt liv. Det å få ta del i andre menneske si meistring og læring, ser eg på som svært meiningsfylt, seier Aarekol.

Kva gler du deg til i den nye jobben?

Eg gler meg først og fremst til å bli kjent med dei tilsette, elevane og dei foresette. Eg er glad i menneske. Eg har blitt fortald at dei tilsette virkar å trivast godt her, og at foreldregruppa er engasjert og aktiv. Dette ser eg på som svært positivt.

Anne-Margrethe Einarsdotter Madtsen har vert konstituert som rektor ved Langeland skule sidan 1. august 2023 og held fram med det til Aarekol tiltrer stillinga. Dato for oppstart er ikkje satt.

Me ønskjer ho velkomen til Stord kommune.