Portrett av sokneprest Eirik Aadland TappelTappel kjem frå stillinga som sjømannsprest i Houston, Texas, der han ha arbeidd dei siste fem åra. No skal han saman med Stord sokneråd ha ansvar for Stord sokn.

Den nye soknepresten meiner det no i starten vert viktig å bli kjent med Stordabuen. Han reknar og med at det kjem til å bli mykje jobbing med den nye gudstenestereforma i haust.

Viktige stikkord i gudstenestereforma er involvering, fleksibilitet og stadeigengjering. 

– Det handlar om ein meir deltakande kyrkjelyd, om variasjon og om lokale tilpassingar. Til dømes kan det vera aktuelt å trekkja song og musikklivet på Stord inn i gudstenesta, seier Tappel.

I tillegg til gudsteneste, vil Tappel ha ansvar for andre kyrkjelege handlingar som dåp, konfirmasjon, vigsel og gravferder. 

Tappel kjem opprinneleg frå Stavanger. Men han har allereie tilknyting til Stord gjennom kona, som har vakse opp her.

Bildet: Sokneprest Eirik Aadland Tappel på rådhustrappa.