Totalt 1050 datamaskinar vert skifta ut med moderne og lette berbare modellar. IKT-eininga i kommunen har hatt ansvar for innkjøp og oppsett, og har brukt sommaren til å klargjera dei nye datamaskinane.

Dra vekslar av kvarandre

Innkjøpet vart gjort i samarbeid med kommunane Fitjar, Bømlo, Tysvær, Haugesund og Karmøy, der Stord har leia prosessen.

- Til saman vart det ein ordre på om lag 4000 datamaskinar, noko som gav oss både eit godt tilbod og ein gunstig pris. Me ser fleire fordelar ved at kommunane har skaffa like datamaskinar. Me kan samarbeida om installasjon av driverar og programvare, samt dra vekslar av kvarandre, seier Gisle Østrem, einingsleiar ved IKT-eininga.

Bygd ut det trådlause nettverket

Dei siste åra har ein også bygd ut dei trådlause nettverka på skulane, og seinast i sommar har Hystad skule, Litlabø skule og Langeland skule fått nye trådlause nettverk.

- Det hjelper ikkje å ha moderne datamaskinar om ikkje infrastrukturen er på plass. Meir og meir av læringsressursane vert flytta ut på Internett, og i vår vart det naudsynt å oppgradera kommunen si Internett-tilkopling, seier Østrem.

Stord kommune har ein dekning på 2,5 elevar per pc på barnetrinna. Ungdomsskulane er utrusta med nokre fleire maskinar. Dei gamle datamaskinane som no vart byta ut var leasa, og skal difor leverast attende til leverandøren.

Bilete på topp: Elevane Eivind Eide Slettvåg (5. klasse), Andrea Kråkenes Bjørvik (4. klasse), Bente Ersland (5. klasse) og Sandra Borrevik Abelsen (4. klasse) ved Litlabø skule synest det er kjekt å jobbe med pc i undervisinga.