Ordførar Gaute Straume Epland opna Nysæter ungdomsskule og omtala skulen som det flottaste prosjektet i Stord kommune.

- Eg har hatt mange store dagar og store opplevingar som ordførar på Stord. Dette er definitivt ein av dei aller største. I dag opnar me nye Nysæter ungdomsskule og kultur og idrettspark. Det som er det største og - det trur eg alle vil vera einig i - det flottaste prosjektet me har bygd nokon gong i Stord kommune. Så dette er ei stor dag for meg som ordførar. Ein stor dag for kommunen. Og ein stor dag for innbyggjarane våre. Tusen takk til dåke som er her for at dåke vil vera med og feira denne dagen. Og hjarteleg velkommen til dåke alle. Både dåke som har vore med i byggeprosessen. Dåke som skal bruka bygget. Og gjester frå kommunen og nabokommunane våre, sa ordføraren. 

Det var mange som hadde grunn til å vera stolte over nye Nysæter skule då den vart offisielt opna. Mange har bidratt til at ungdomsskulen, som har plass til 270 elevar, og har 25 meters basseng, fleirbrukshall og snart klatrehall m.m.  

Ordføraren klipte snora mens Leif Ottar Heimro frå IL Solid og elev Mads Eriksen holdt det raude bandet. Det var mange takketalar under opninga. Blant dei var rektor Anne Beate Sunde og elevrådsformann Tristan Worsnop. Dei takka alle som hadde vert med på å gjere den nye skulen så flott og funksjonell, velutstyrt og topp moderne.  

Det var også musikalsk innspel av elev Øyvind Sivertsen, som spelte to songar på piano. Etter talar og musikalsk innslag var det kaffi og kaker samt omvisining.

 

Ein stor takk til

  • Prosjektgruppa til kommunen. Med prosjektleiar Kjell Nesbø først, i planleggingsfasen. Og deretter prosjektleiar Øystein Leirvik Onarheim.
  • Arkitektene VIS-A-VIS
  • Hovudentreprenør GL prosjektservice
  • Underentreprenørar
  • Solid idrettslag
  • Stord Tinde- og Klatreklubb
  • Andre lag og organisasjonar som har vore med i ulike fasar av prosjektet
  • Rektor og tilsette ved skulen, har vore sterkt involvert i prosjektet og avgjerande for resultatet

 

Prosessen

Plan og designkonkurranse i 2017, der vann arkitektene VIS-A-VIS. Anbod for ny skule gjekk ut i 2020 og det er GL prosjektservice AS frå Karmøy som har hatt totalentreprise. Dei reiv gamleskulen sommaren 2020 og overleverte nyeskulen november 2022. Ny skule vart teke i bruk 3. januar 2023. 

Klatrehallen skal stå klar sommaren 2023. Uteområdet bak skulen er også planlagt ferdig sommaren 2023. Her vert det flott uteareal med sjuarbane, sandvolleyballbane, basketballanlegg, balanseapparat og turløype i terrenget i området.


 Det vil bli open dag i mars. Dato kjem.