Mottaket vil bli etablert på Litlabø, og ha 40 plassar for ungdom mellom 15 og 18 år. Om lag 14 nye arbeidsplassar vil bli oppretta i samband med det nye mottaket, som vil vere døgnbemanna.

- UDI har gjennom mange år hatt eit godt samarbeid med Stord, og ser på Stord som ein erfaren og god vertskommune for mottak, opplyser seniorrådgjevar Sissel Mehammer ved UDI.

Mottaket vert drifta av selskapet Hoff Mottaksdrift, som har hatt møte og vore på synfaring med Frontagruppen, som eig komplekset på Litlabø. Dei er godt nøgd med både lokale og plassering.

- Me fann ut at dette anlegget var godt eigna og hadde ein aktuell plassering i tryggje omgjevnader, opplyser driftsoperatør i Hoff Mottaksdrift, Marianne Hoff Hjertås.

Ordførar i Stord, Liv Kari Eskeland (H) er glad for at Stord er blitt valt ut til å ta i mot flyktningar.

- Dette kan vere med på å avhjelpa ein pressa situasjon for dei som no står i ein vanskeleg situasjon. Eg er sikker på at Stord-samfunnet vil ta varmt imot dei som kjem.

Det har tidlegare vore eit mottak for einslege mindreårige i Sagvåg, i tillegg til det ordinære mottaket på Heiane.

- Dette har me gjort tidlegare, og eg er glad for at UDI ser på Stord som ein god mottakskommune for flyktningar. Me skal ta dei vel imot, seier Eskeland.