Måndag inviterte det sitjande ungdomsrådet nye medlemmar til velkomstfest i kommunestyresalen. På festen fekk det det avtroppande ungdomsrådet både blomar, skryt og takk for innsatsen.

Utdeling av blomar til det avtroppande ungdomsrådet.Leiar for komité for oppvekst og utdanning, Jakob Bjelland, var ein av dei som skrytte over ungdomsrådet sitt arbeid.

– Me er stolte av dykk. Stord kommune kom heilt til finalen i  konkurransen om beste kommune i  førebyggjande arbeid. Det hadde me aldri greidd utan ungdomsrådet sin innsats, slo Bjelland fast.  

– Me treng innspel frå ungdommen, og det må ungdomsrådet gi oss, la han til.  

Dei nye representantane vart spesielt oppmoda av forgjengarane sine om å halda fram med arbeidet mot mobbing.

–  Mobbing er eit alvorleg problem som me aldri må slutta å ha fokus på, sa tidlegare ungdomsrepresentant Katrine Hope.

Dei avtroppande representantane delte ut kommunepins og vedtekter til arvtakarane sine, og lova å hjelpa til i innkjøringsfasen.

– Me føler at me har gjort gode val av etterfølgarar, og det skal bli kjekt å følgja med på kva saker de kjem til å jobba med, sa avgåande ungdomsrådleiar Alv Myhre Fossum.  

 

Bildet

Bildet på toppen er av det nye ungdomsrådet:
Frå venstre: Stine Nordanger Brandsal, Matias Dreyer, Anna Aas Lindal, Svein Eggerud, Øystein Alvsvåg, Marita Fossum (vara), Oda Huseth (vara), Ragnhild Kalleklev Voreland (vara), Justine Horneland (vara), Margrete Lauksund, Elaine jensen (Vara), Kristin Alvsvåg. Olav Gundersen og Tonje Damman hadde tentamen og kunne ikkje vera til stades då biletet vart teke.