Open møteplass skal vera ein arena der gutar og jenter i alderen 13-16 år møter gode, vaksne rollemodellar, der ein lærer og møter gode verdiar og der ungdomane blir godt ivaretatt. Dei kan gjennomføra valfrie aktivitetar eller berre komma å henga saman med andre. Ein treng ikkje vera medlem av Stord IL for å vera med og tilbodet er gratis.

Tiltaket vil følgja skuleruta, men det kan bli gjort endringar ved eventuelle arrangement på Vikahaugane.