Sidan 2007 har Kirkens Bymisjon Haugalandet drive I Jobb Haugalandet, eit jobbtilbod for rusmisbrukarar som ikkje er under behandling eller på andre tiltak. No startar dei altså opp eit liknande prosjekt på Stord.

– Eg har stor tru på dette prosjektet, og på at de som skal jobba her vert ein ressurs for kommunen, sa ordføraren i opningstalen.

Gir sjølvrespekt

Dagleg leiar for Bymisjonstiltak på Haugalandet, Arne Valen, synest det har vore veldig kjekt å få bringa I jobb-prosjektet vidare til dei som treng det på Stord.

–   Arbeid er grunnleggjande for eit menneske. Det gir verdighet og sjølvrespekt, slo Valen fast.

Erfaringar med dette prosjektet andre stader syner at I Jobb kan både virka kriminalitetsførebyggjande og redusera rusmiddelinntaket. Deltakarane får struktur i kvardagen og dei er del av eit fellesskap.

– Det er tre ting som er viktige for menneske. Det er ein heim, noko fornuftig å gjera og eit fellesskap å høyra til, sa prest Thor Brekkeflat fra Kirkens bymisjon Bergen.

Han kunne fortelja om prosjektdeltakarar som kom duknakka inn, og som etter kort tid retta opp ryggen og begynte å gle seg til å gå på jobb. Brekkflat nytta også høvet til å minna om at "Ingen er bare det du ser".

Håpar fleire dukkar opp

I Jobb Stord held til på Nattrutekaien i lokala til den tidlegare varmestova. Der vil dei førebels ha ope onsdag og fredag. Arbeidsdagen startar med felles frukost før deltakarane skal ut og utføra ulike småjobbar. 

Førebels har ein berre hatt nokre få i arbeid gjennom tiltaket på Stord. Men prosjektleiar Sindre Hauan og Bymisjonen håpar fleire dukkar opp etter kvart.

Ein av deltakarane frå prosjektet i Haugesund var til Stades på opningsfesten på Stord. Han kunne fortelja at prosjektet hadde gitt han strukturen i kvardagen tilbake. No gledde han seg til vekedagane då han kunne gå på jobb.

Suppe og musikalske innslag

I Jobb hadde fått sponsa fiskesuppe frå Bruncheriet til opningsfesten. I tillegg til alle dei flotte talane, var det fleire musikalske innslag. Dei to tilsette i rusomsorga på Stord, Kenneth Stenbråten og Henning Sudmann, avslutta festen med ein flott duett.

Bildet:

Ordførar Liv Kari Eskeland klypper over ein søppelsekk for å markera opninga av I Jobb Stord. Prosjektleiar Sindre Hauan og I Jobb-arbeidar André Glesnes held i kvar sin ende av sekken.