MaleriPasientar som har opphald på kort eller lengre tid ved avdeling for døgnrehabilitering er for det meste eldre personar med ulike sjukdomsbilder og funksjonshemmingar. Dei fleste kan ikkje gå lange turar, og viss dei skal ut og gå må dei ha med seg personale.

Sjølv om det er eit ynskje å komme seg ut, så kan personale stort sett ikkje ta brukarar med på lengre turar. Likevel vert det lagt vekt på aktivitet, og så sant det lar seg gjere tar ein småturar ut.

Astrid LarsenBordI denne samanheng har har personalet vert kreative og laga ein alternativ opplevelses- og aktivitetssti for brukarane på baksida av huset. I dag opna dei stien og den nye einingsleiaren Kristin Steinsland klippa snora og avtroppande einingsleiar Astrid Larsen fekk anledning til å takka for seg.

Jobba dugnad

Stien er komen i stand ved dugnad av tilsette i eininga og tilsette ved Stord kommunale eigedom KF har hjulpet til. Ein av dei tilsette har laga maleri som er hengt opp på muren, andre tilsette har rydda og ordna for å få det fint og triveleg.

Bilete på topp: einingsleiar Kristin Steinsland klypper snora.
Bilete i artikkel, til venstre: avtroppande einingsleiar Astrid Larsen, til høgre er litt av aktivitetsstien, måleri og eit fargerikt måla bord.