Bygget er omlag 1200 kvadratmeter og inneheld 10 avlastingsbustadar og 4 barnebustadar, samt eit eige sanserom. Bustadane vart teke i bruk i januar 2023, og vart opna offisielt av ordførar Gaute Straume Epland. I talen sin sa han blant anna:

Dette er ei viktig investering og eit stort løft innan eit viktig tenesteområde. Avlastingsbustadene me brukte før, var for små, gamle og ikkje tilpassa formålet. No har me fått eit heilt nytt, topp moderne og spesialtilpassa bygg i flotte omgjevnader i Sævarhagen. Det vil gje gode fasilitetar både for dei tilsette og for brukarane.

Arbeidet med forstudie og arbeidsgruppa starta opp allereie i slutten av 2018. Ein såg behov for nye funksjonelle og meir tenlege bustadar med fokus på trivsel. Totalramma er 51 millionar kroner og vart lyst ut i totalentreprise. Det vart kontrahert i januar 2021 saman med byggefirma Dommersnes og Larsen AS. 

Bygget har vært gjennom ein god prosess saman med prosjektgruppa som har bestått av både brukarreprentantar og eit stort team frå ulike organ internt i kommunen. Det har vært lagt stor vekt på eit godt sanseleg uttrykk både av Arkitekt Omega 365 Areal og prosjektgruppa med brukarmedverknad. Dette alt frå utforming av bygget, arkitektoniske uttrykk med fargar på interiør, til eit triveleg uteområde til rekreasjon og leik.  

For å få eit velluka prosjekt er engasjement og innspel frå representantar for brukarane avgjerande viktig i prosjekta. Eg vil gjerne takka alle involverte i prosjektet både internt og eksternt, seier prosjektleiar Frode Hatlevik.