Knutsaåsen omsorgssenter

Nye vindauga og dører, ytterveggar er isolert og fått ny bordkleidning. Huset var raudt og er no malt kvitt og grått. Utfor huset er det avretta og lagt belegningsstein slik at det er lett for bebuarane og andre å koma seg utfor romma og ut til sansehagen.

Det er Engelsen Bygg AS som har vert entreprenør og personale er særs nøgd med samarbeidet med arbeidarane.

- Dei har vert veldig hensynsfulle, seier avdelingsleiar Lidveig Stubhaug. 

Knutsaåsen omsorgssenter var bygd i 1983 og i 1986 var avdeling 2 ferdig. Det var først aldersheim, blei seinare gjort om til sjukeheim, før det i 2007 vart gjort vedtak om å organisera Knutsaåsen som omsorgsbustad. Det er no 46 bebuarar på senteret.

- Huset er ikkje blitt pussa opp utvendig før, men i 2007 vart det gjort ei innvendig oppgradering på avdeling 1. No er byggjetrinn 1 og 2 ferdig. Siste del av prosjektet er planlagt til 2017, men før arbeidet kan starta her, må dette bli vedteke politisk i samband med neste års budsjett. Både me som jobbar her og dei som bur her er veldig nøgd med resultatet - det er blitt eit heilt nytt hus, seier Stubhaug.

I tillegg til bebuarane får brukarane ved Dagtilbod for demente bruka peisestova to gonger i veka. Då vert dei henta i heimen sin og servert frukost og middag på senteret. Dagtilbodet har sitt eige opplegg med ulike aktivitetar. Dei deltar også når det er arrangement for bebuarane på Knutsaåsen.

Sansehagen

Brukarar av dagtilbodet brukar uteområde mykje og uttaler at er blitt kjempeflott der no, med dei nye hellene utanfor, i tillegg er det blitt mykje lysare og meir brukarvenleg.