- Dette er ein ny kampanje i år som går ut på å rekruttera ordførarar i heile landet seier Pål Johansen frå Buf etat som også delte ut ambassadørbeviset til ordføraren. 

- Som ambassadør vil eg snakka om behovet for fosterforeldre. Eg vil og minna folk på at me alle har eit samfunnsansvar og at me kan gjera ein forskjell for det enkelte barn, seier ein stolt ordføraren.

Behovet for forsterheimar aukar

- Det er omlag 40 familiar som er beredskaps- eller fosterheimar med kurs på Stord. Behovet er stort og det står mange barn i kø, spesielt barn over 10 år, seier Johansen.

Informasjonsmøte

Den 25. november skal det vera informasjonsmøte på Stord Hotell for alle som kan tenka seg å bli besøks-, foster-, eller beredskapsheim. Her får dei høyra ein forsterforelder dela sine erfaringar.

- eg håpar alle som tenkjer på å bli fosterforelder vil koma på informasjonsmøtet, seier ordføraren.

Les meir om fosterheimar her

Bilete på topp: ordførar Liv Kari Eskeland og Pål Johansen frå Buf etat.