Rådmann Magnus Mjør, kommunalsjef Knut Johannes Gram og ordførar Harry Herstad var til stades ved overleveringa av den nye brannbilen.

- Som tidlegare brannmann i Bergen på slutten av 1960-tallet kjenner eg til betydinga av å ha bra utstyr, og vil difor gratulera kommunen og innbyggjarane med denne brannbilen, sa ordførar Herstad i samband med at nykelen til den nye brannbilen var overlevert av Steffen Tomsen frå Egenes AS.

Fekk ønskelista oppfylt

Brannsjef Børge Presthaug og barnebarnet Olve Ohnstad Presthaug (4) prøvesit den nye brannbilen.Denne veka skal mannskapet ved Stord brannvesen ha opplæring i bruk av den nye brannbilen med utstyr som har stått på ønskelista til brannsjefen i fleire år.

- Brannbilen har blant anna kanon på taket som kan brukast ved sløkking i tunnel, flagg som visar vindretning ved gassulykker, samt berbart elektronisk utstyr ved utrykking til trafikkulykker, fortel brannsjef Børge Presthaug.

Godt utstyrt ved større utrykkingar

Brannbilen som vert erstatta blir no flytta til Sagvåg, og Kværner Stord har kjøpt brannbilen som har vore stasjonert der.

- Me har ein avtale med Kværner at brannbilen framleis kan nyttast av brannvesenet ved større utrykkingar, opplyser brannsjefen.

Stord brannvesen har om lag 120-140 utrykkingar i året.

Bilete på topp: Rådmann Magnus Mjør og ordførar Harry Herstad tek i mot nykelen av leverandøren Egenes AS representert ved Steffen Tomsen.

Bilete i tekst: Brannsjef Børge Presthaug og barnebarnet Olve Ohnstad Presthaug (4) prøvesit den nye brannbilen.