Tildelinga vart grunngjeven med at Stord kommune synleggjorde dei mange arbeidsstadane og dei ulike utdanningsretningane som er tilgjengelege i kommunen.

Stord kommune hadde stand som representerte mellom anna helse og omsorg, brann og redning, skule og barnehage, eigedom, IKT.

Ordførar Sigbjørn Framnes og lærlingkoordinator Grete Urdal tok i mot diplomet.

Diplomet vart utdelt av Kurt Grundvold for Utdanningsmessa Sunnhordland og Sverre Olav Svarstad, president ved Stord Rotary klubb.

Ut frå tilbakemeldingar vi har fått frå skulane som vitja messa, var dei svært nøgde. Elevane og gav uttrykk for at det hadde vore nyttig for dei i samband med å velja framtidig yrke.

Kjelde Utdanningsmessa.no

Stand brann og redning
Stand rehabilitering og helse
Bilete av ordføraren på talarstolen.