Fekk pris for beste standUtdanningsmessa vert i år arrangert for 29. gong onsdag 23. og torsdag 24. januar 2019. 2300 elevar frå ungdomsskular og vidaregåande skular i Sunnhordland er invitert for å få med seg årets messe på Vikahaugane.

I nyehallen finn ein 56 ulike standar med representantar frå ulike offentlege og private verksemder. Pris for beste stand vart tildelt Stord kommune.

- Det er ei stor ære å få prisen for beste stand og ein viktig pris for kommunen som med sin stand har lagt stor vekt på å vise fram bredda i ulike yrkesval som ein kan velja mellom i kommunane i dag. Utdanningsmessa er viktig arena for rekruttering for Stord kommune, seier personal og organisasjonssjef Annlaug Tenold.

På bilete til høgre ser du Annlaug Tenold og fagansvarleg for barne- og ungdomsarbeidarfaget Inger Vik Framnes med diplom og prisen, som var kunst av Magne Kjellesvik.