Grunngjeving 

Sjølv om grunnverkøtyet er utvikla av KORUS, har den lokale vidareutviklinga gjeve kommunale aktørar rundt barn og unge (barnehagar, skular, helsestasjon, m. fl) eit verkty for samhandling. BTI modellen skal gjera det enklare å gripe inn på eit tidlegare tidspunkt, ved uro rundt eit born/ungdom. Den gjev auka kvalitet i arbeidet og har overføringsverdi til andre einingar/tenester i kommunen, i tillegg til at andre kommunar og er interessert i verktyet.

Ønskjer å stimulera til nytenking

Føremålet med ein innovasjonspris er vera å påskjøna og stimulera til nytenking i fagmiljøa. Dei tilsette sine idear til nyskaping kan verta fanga opp, tekne i bruk og kan slik skapa gode verdiar for Stord kommune.

Prisen for innovasjon og nytenking er eit kunstverk med verdi inntil 10 000,- og ein pengesum på 10 000,-