Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
error_outline
03. juli kl. 08:38

Informasjon kring koronaviruset

Les meir clear
A A A

Produksjonstilskot i jordbruket

Driv du med verneverdig landbruk, har kulturlandskap, dyr på beite, eller produserer mat? Då kan du få produksjonstilskot for å sikre aktivt og berekraftig jordbruk.

Tenesteomtale

Produksjonstilskot omfattar tilskotsordningane

  • Arealtilskot
  • Kulturlandskapstilskot
  • Tilskot for husdyr
  • Tilskot for dyr på beite
  • Tilskot for dyr på utmarksbeite
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • Driftstilskot til spesialisert storfekjøtproduksjon
  • Tilskot til små og mellomstore mjølkebruk
  • Tilskot for bevaringsverdige husdyrrasar
  • Arealtilskot til økologisk landbruk
  • Tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • Distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønsaker
  • Distriktstilskot for potetproduksjon i Nord-Noreg

Desse pristilskotsordningane blir handterte på same måte som produksjonstilkot, og du søkjer i same søknad:

  • Distriktstilskot for frukt, bær og veksthusgrønsaker og salat på friland
  • Distriktstilskot for matpotet dyrka i Nord-Noreg

Denne velferdsordninga blir handtert på same måte som produksjonstilskot, og du søkjer i same søknad:

  • Tilskot til avløysing ved ferie og fritid (sjå eiga omtale for denne ordninga)

Målgruppe

Landbruksføretak

Kriterium/vilkår

Landbruksføretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret, er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak.

Føretak som berre søkjer tilskot til birøkt, er unnateke frå kravet om å drive vanleg jordbruksproduksjon. Det er elles avgrensingar knytt til driftsfellesskap og eigarforhold.

Pris for tenesta


Samarbeidspartnarar


Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta


Vedlegg


Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid


Høve til å klage

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Dette gjeld sjølv om du har fått melding om vedtaket frå Landbruksdirektoratet. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Tjenesten oppdatert: 11.05.2020 08:57