Rotter er vanlege i store deler av Norge. Dei held seg der det er menneske. Me finn dei inne i hus, ute i det frie og nede i kloakksystema.

Det er vanskeleg å skilja ei ung rotte frå ei vaksen husmus, men elles kan husmus og skogmus kan skiljast frå rotta på storleiken.

Rotter byggjer seg bol eller reir. Der søv dei, et hamstra mat, før ungar og fostrar dei opp. Bolet gjev dyra varme og vern mot ytre miljø og fiendar. Eit godt og sikkert plassert bol er difor svært viktig for overlevinga til dyra. Det er ein fordel om det ligg varmt til og  i nærleiken av mat og vatn.

Me finn såleis rottebol i vegger, golv, tak, under søppel og skrot, under maskiner som gjev frå seg varme, under pallar og liknande. Rotter grev og ofte bol utadørs under t.d. containarar som står på bakken.

Rotta gneg for å utforske ting, for å koma til mat, eller for å prøva å komme seg gjennom ei hindring, t.d. en vegg. Ei rotte held seg til vanleg innafor 30 meter frå bolet.  Det er miljøet som avgjer kor langt dyra fer. Er det rikeleg med mat, trenger dei ikkje vandra så langt. Om mangel på mat vert stor, kan rotta vandra hundrevis av meter og nokre gonger fleire kilometer.

Rotter som lever i og rundt bygningar, gjev mest alltid konfliktar med folk sine omsyn. Rotter har ei åtferd som ofte gjev dei kontakt med både kloakk og søppelrestar, i tillegg til fødevarer for menneske og dyr. Dei fleste opplever difor kontakt med rotter i nærmiljøet som lite triveleg. I Norge er likevel risikoen for smitte frå rottene liten. Dei kan føra til betydelege økonomiske tap særleg i bygningar der næringsmidlar vert produserte eller lagra.

Rotta et nesten alt mogleg. Ho et derfor på all slags mat og dyrefôr ho får tilgang til. I tillegg vert varene og området rundt ureina med urin og avføring. Dette kan øydeleggja dei og innpakkinga.

Rottene kan gje skader på bygningar etter gnaging og bygging av bol. Dei kan øydeleggja vegger, golv, dører og tak ved å gnaga hol i dei. Me ser ofte skader i isolasjonsmaterialar inne i bygningar der det er rotter. Vidare kan dei skada møblar, klede, gardiner, bøker, maleri og liknande. Dei kan gnaga på vass- og avlaupsrøyr, og på den måten gje fuktskader.

Rottegnag på straumleidningar aukar faren for kortslutning og brann. Datakablar og telefonleidningar kan og vera særleg utsette. Dyr som døyr inne i vegger og golv kan gje eit betydeleg luktproblem.

Det viktigaste tiltaket me kan gjere for å redusere problem med rotter innadørs er å hindre dyra å koma inn. Ofte er dårleg bygningsarbeid årsak til at rotter har kome seg inn, sjølv om materialane i seg sjølve er rottesikre.

Det er såleis viktig å finna ut korleis dyra kjem seg inn og kvar dei held seg. Kvar dei finn vatn kan visa vandringsvegane. Det er òg viktig å finna område utadørs som gjev livsgrunnlag. Slike område kan vera kloakknettet, vegetasjonsområde tett inntil bygninga og andre område som gjev tilgang på mat og vatn.

Nedkjemping

Eit stort rotteproblem kjem alltid frå at dyra har fått tilgang på mat, vatn, bol- og gøymestader. Det krevst nesten alltid ei grundig opprydding i området for å kjempa ned rottene, der dei er eit problem. Område utadørs og innadørs må ryddast for søppel og matrestar slik at tilgangen på mat, vatn og bol-stader vert reduserte. Høgt gras og buskar tett inntil bygningar må haldast nede eller fjernast.

Alt som kan gje rotter bol-plass, f.eks. stablar med gamle bildekk, pallar, øskjer m.m. må fjernast. Nedfallsfrukt og eventuell kompost må fjernast eller sikrast slik at rotter ikkje får tilgang på mat. Mating av fuglar utadørs kan og føre til at gnagarar får tilgang på mat. Mat for hundar og kattar utadørs kan gje nok næring til mange rotter og mus. Søppeldunkar og søppelrom må gjerast sikre mot inntrenging.

Heile rotteproblemet kan verta borte om all tilgang på mat, vatn og bol-plassar vert fjerna. Det er såleis ei rekkje tiltak den einskilde kan gjera for å hindra problem med rotter.

Det kan vera vanskeleg å fange brunrotter i feller fordi dei ofte er så redde for nye ting i omgivnadene. Det er derfor viktig å visa tolmod og la dyra verta vane med fellene. Det er og elektroniske feller til sals.

Melding

Tekniske tenester, avdeling for vatn og avlaup har til ei kvar tid utplassert automatiske feller ulike stader i leidningsnettet. Dette er gjennomført i samarbeid med skadedyrfirma. Dei vert flytta regelmessig og kan flyttast til nye stader om det vert meldt om særlege problem eller observasjonar.

Avdeling for vatn og avlaup ønskjer direkte melding frå innbyggarane om rotteobservasjonar. Dette kan gjerast på E-post til post@stord.kommune.no eller vakttelefonen 97 55 22 22 slik at desse kan samlast og følgjast opp ved fleire frå same område.

I de aller fleste tilfelle kan problemet løysast ved hjelp av førebygging med opprydding og sikring, i tillegg til at private husstandar nyttar feller ved observasjonar innadørs.

Gift

Det er reglar for bruk av gift berre godkjente skadedyrfirma som kan nytta dette mot rotter, sjå www.miljodirektoratet.no