Barnehagen ønskja å heva kompetansen på bruk av digitale verktøy og nytta det i høve satsinga deira som er språkutvikling og inkludering. Det var viktig at digitale verktøy skulle bli ein del av verktøya deira i arbeid med barn, men at det ikkje skulle dominera som arbeidsmåte.

Rettleiaren deira Runar Eikhaug frå NLA har inspirert og vist ulike digitale verktøy med og utan skjermbruk. Dei har blant anna jobba med programmering, digitale bøker, digitalt mikroskop og tatt opp og laga lyd. Leiken til barna har stått i fokus heile vegen.