Målet med samarbeidet er treffpunkt med felles aktivitetar og opplevingar som er meint å legga til rette for kjennskap og venskap på tvers av generasjonar, på ein måte som fremmar respekt for menneskeverd. Møte på tvers vil og gje erfaring med ulik livsmestring, noko som igjen er viktig bidrag i barnehagen sitt arbeid med verdiar og haldningar. Samtidig skapar det glede for bebuarar på Stord sjukeheim og Knutsaåsen omsorgssenter.

Samarbeidet er heilt i oppstarten og heile prosjektgruppa skal treffast for første gang fredag før påske.

- Me har mange tankar, og gode utgangspunkt for kva og korleis me skal jobbe dette ut, og me gledar oss til å koma i gang, seier einingsleiar i Skogatufto barnehage, Hildebjørg Røssberg.

Utover dei konkrete opplevingar som er tenkt å finne stad mellom barn i barnehagen og bebuarar på Stord sjukeheim/Knutsaåsen omsorgssenter, er samarbeidsprosjektet og tenkt som eit punkt under Stord kommune sitt arbeid med folkehelse.

Hovudansvarleg for prosjektet er Hildebjørg Røssberg, einingsleiar i Skogatufto barnehage og Esther Aasen Bjelland, einigsleiar Stord sjukeheim / Knutsaåsen omsorgssenter. Folkehelsekoordinator Tove Agdestein vil vere ein naturleg samarbeidsperson utover i prosjektet.