For å få studentar til Stord er det viktig å profilera Stord som ein god stad å vera og som har mykje natur og kulturelle tilbod. Særleg når søkjarmassen er låg er det viktig å vera attraktivt og selga seg positiv.

Velferdstinget Vest og Høgskulen fekk ta opp sine ting som Stord som studentby, også i framtida. Dei tok blant anna opp ønskje om eit betre kollektivtilbod slik at det er lett å koma seg heim frå deltidsarbeid m.m., studentstønad og studentrabattar på kulturtilbod, straumstipend, og ønskje om lettare tilgang til kva som skjer på Stord. 

Kva tilbod finnes på Stord for studentar? Kommunen er i sluttfasen til å utarbeide ein aktivitetskalender/ei nettside som har kopling til Ticketmaster. 

Stord kommune tar imot mange studentar i praksis. Fleire av desse vert og tilsett som vikarar undervegs i utdanningsløpet, både timebasert, helger og i ferier. Det er ein vinn vinn situasjon for begge partar. 

Kommunestyret vedtok i møte 21.06.22 å laga ein handlingsplan som gjeld Stord som attraktiv studentby. Arbeidet med planen vil krevja samarbeid og organisasjonane på møtet kan vera gode partar å ha med.