Tid: 2.-3. oktober 2014
Stad: Stord Hotell

Busetnadshistorie – gards- og ættesoge – fortel historia om kvart gardsområde (matrikkelgard/gardsnummer) og kvar bustad (bruk, tomt, husmannsplass) med tilhøyrande personopplysningar knytt til husstand eller familie frå dei eldste tider og gjerne heilt fram til i dag. Det siste hundreåret er det skrive busetnadshistorie for store delar av landet og nye bøker er på beddingen.

Seminaret vil setja søkjelyset på kjeldematerialet i ei elektronisk tid, koma med kritiske blikk på sjangeren, døme på bokprosjekt i seinare tid og dessutan innlegg om bygdebok på nett og Lokalhistoriewiki.

Heile seminarprogrammet er å finna her.

Bindande påmelding innan 17. september til:

Norsk lokalhistorisk institutt
Postboks 8045 Dep.
0031 Oslo

E-post nli@lokalhistorie.no
Telefon: 22 92 51 30