Ole Severin Nesse og ordførar Harry Herstad

Bakgrunn for avtalen er at kommunen og idretten har eit felles mål om å skapa eit levande lokalsamfunn der folk kjenner seg trykke, finn meining, og trivst.

Formålet er styrking av samspelet mellom kommune og idrettsrådet. Dette skal bidra til klargjering og viktige prinsipp og gjensidige krav og forventningar.

Samarbeidet går ut på at saker klubbane ynskjer å fremja for kommunen, og som er av felles interesse for idretten, skal formidlast til kommunen gjennom idrettsrådet. Det betyr at kommunen ikkje forvaltar si sakshandsaming som gjeld idrett, friluftsliv og nærmiljø utan at den har vore på høyring hjå idrettsrådet, eller at idrettsrådet har medverka på anna måte, avhengig av type sak.

- Me er veldig nøgd med å få avtale med kommunen. Det er til beste for heile idretten og sikrar oss godt samarbeid, seier Ole Severin Nesse.

Avtalen skal evaluerast kvar fjerde år eller når partane vert samde om det.

Bilete: leiar i Stord idrettsråd Ole Severin Nesse og ordførar Harry Herstad.