Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skulehelseteneste

Skulehelsetenesta finst på alle skular og er ein stad du kan gå for å få ei helseundersøking eller for å snakke med nokon. Alle elevar blir tekne godt imot og tenesta har teieplikt.

Tenesteomtale

Skulehelsetenesta er eit tilbod til deg som er skuleelev og under 20 år. Du kan få råd og rettleiing og få utførte helseundersøkingar og vaksinasjonar. Ved behov kan du bli vist vidare til fastlege, tannlege eller spesialist. 
 
Skulehelsetenesta kan gi råd om fysisk, psykisk og seksuell helse, og jobbar for å styrkje skuleelevane si meistring av kvardagen.
 
Skulehelsetenesta kan halde kurs og delta på foreldremøte og kan i nokre tilfelle kome på heimegjesting.
 
Som skuleelev kan du fritt bruke skulehelsetenesta når du treng å snakke med ein vaksen om noko som er vanskeleg. 

Skulehelsetenesta er eit tilbod til skuleelevar opp til 20 år.

Me har mellom anna som oppgåve å fremje eit godt lærings- og arbeidsmiljø for elevane, noko som har sterk samanheng med elevane sin helsetilstand. God helse er utgangspunktet for trivnad, vekst og læring, og motsett kan skulemiljøet påverke helsa, både psykisk og fysisk. Dette er eit viktig grunnlag for arbeidet.

Skulehelsetenesta arbeider målretta. Dette betyr at elevane vert kalla inn til helsesjukepleiar på grunnlag av tidlegare funn, eller etter ønskje frå eleven sjølv, føresette eller lærarar.

Tenesta er eit lågterskeltilbod, og både elevar, føresette og tilsette i skulen kan ta kontakt utan avtale.

Elevane kan få råd og vegleiing, og me gjennomfører helseundersøkingar/helsesamtaler og vaksinasjonar på faste alderstrinn. Me tilbyr også samtale og oppfølging av elevar med ulike vanskar og utfordringar, og foreldrevegleiing til dei som ønskjer det. Me gjer timeavtale for faste undersøkingar og oppfølgingssamtaler.

Helsesjukepleiar kan m.a. gje vegleiing i høve til vekst og utvikling, kosthald, hygiene/smittevern, seksualitet og samliv, psykisk helse, samspel foreldre-barn/ungdom m.m. Me kan også tilby støttesamtaler/motiverande samtaler for dei som har behov for det.

Etter kartlegging hjå helsesjukepleiar kan elevar bli vist vidare til andre hjelpeinstansar, t.d. fastlege, tannlege eller spesialist. Skulehelsetenesta samarbeider med fleire andre instansar, både i og utanfor skulen. Saman kan me identifisere og løyse helsemessige utfordringar. Samarbeid om namngjevne elevar skjer etter samtykke frå føresette /evt. eleven sjølv.

Skulehelsetenesta tilbyr helseopplysning og undervisning til enkeltelevar og grupper/klassar, m.a. om tema som psykisk helse, pubertet, sex og samliv. Skulelege og andre aktørar deltek i deler av undervisninga.

Målgruppe


Kriterium/vilkår


Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Samarbeidspartnarar


Lover

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta


Vedlegg


Saksbehandling


Saksbehandlingstid


Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva du ønskjer endra.

Du kan også klage til statsforvaltaren i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.
 
Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

Tenesta oppdatert: 05.08.2022 15:11