Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden
A A A

Helsestasjon

Tenesteomtale

Helsestasjonen følgjer barn frå fødsel til skulealder og er eit kommunalt ansvar.

Helsestasjonen si hovudoppgåve er å drive førebyggjande og helsefremjande arbeid for foreldre/ føresette og born.

Formålet med helsestasjonsarbeidet er:

  • at foreldre opplever meistring i foreldrerolla
  • å bidra til godt samspel mellom foreldre og born
  • å fremja fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småborn
  • å førebyggje, avverge og avdekkje vald, overgrep og omsorgssvikt
  • å avdekkje fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
  • å bidra til at born får oppfølging og vert tilvist ved behov 

(Kjelde: Helsedirektoratet)

Helsesøster samarbeider med barnehage, fastlege, barnevern, jordmor og fysioterapeut.

På helsestasjonen får du tilbod om:

  • helseundersøking
  • barnevaksinasjonar
  • svangerskapskontroll
  • rådgjeving om helse, utvikling hos born, kosthald osb. 

Helsesøster kjem òg på heimebesøk.

Målgruppe

Gravide, barselkvinner, foreldre til nyfødde, barn i alderen 0-5 år. Barn og ungdomar opp til 20 år tilhøyrer også målgruppa for helsestasjonen, men som oftast gjennom skulehelsetenesta eller helsestasjon for ungdom. 

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå blant anna

Helse- og omsorgstenestelova § 3-1 og § 3-2
Smittevernlova § 3-8
Pasient- og brukarrettslova kapittel 7
Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten.

Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Helsepersonelloven
Smittevernloven
Helse- og omsorgstjenesteloven
Pasient- og brukerrettighetsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Når du har født, vil helsestasjonen ta kontakt med deg og avtale tid for anten heimebesøk eller oppfølging på helsestasjonen. Du vil få innkalling til vaksinasjonar og regelmessige kontrollar av barnet.

Det vert sett av 20-30 minuttar til kvar konsultasjon. Ekstrakonsultasjonar vert avtala etter behov.

Her er ei oversikt over konsultasjonane:

  • ca to veker, heimebesøk etter fødsel, helsesøster
  • 6 veker, helsesøster og lege- vaksine
  • 3 mnd, helsesøster- vaksine
  • 4 mnd gruppe/individuell, helsesøster
  • 5 mnd, helsesøster- vaksine
  • 6 mnd, helsesøster og lege
  • 7/8 mnd gruppe/individuell, helsesøster
  • 10 mnd gruppe/individuell, helsesøster
  • 11/12 mnd, helsesøster og lege- vaksiner
  • 15 mnd, helsesøster- vaksine
  • 17/18 mnd, helsesøster
  • 2 år, helsesøster og lege
  • 4 år, helsesøster

På helsestasjonen kan ein få rettleiing innan:

Vedlegg


Saksbehandling


Saksbehandlingstid


Høve til å klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.

Du kan også klage til fylkesmannen i fylket ditt over uforsvarleg utføring av tenesta, utilstrekkeleg eller feil informasjon eller brot på teieplikta.

Skulle det skje ei svært alvorleg hending i samband med tenesta kan du som pårørande eller pasient sende ei varsling direkte til Statens helsetilsyn på telefonnummer 474 86 882.

Kontakt

Leiande helsesøster Sigrun Helland

Tlf. 53 49 66 84 / 957 76 434

Stord helsestasjon

Telefon 53 49 69 85
Ope måndag-fredag 08.30-15.00

Sagvåg helsestasjon

Telefon 53 49 68 54
Ope måndag-torsdag 08.30-15.00

Nordbygdo helsestasjon

Telefon 53 45 44 10
Ope måndag, onsdag og torsdag 8.30-15.00.
Tysdag og fredag etter avtale

Postadresse

Postboks 323
5402 Stord

Tjenesten oppdatert: 29.07.2019 12:36