Dette fører til nokre endringar i tilbodet. Frå 01.01.2024 er det ikkje lenger kafé i Hagerupshuset. Dei ulike laga og organisasjonane som har aktivitetar i Hagerupshuset, kjem til å halda fram med det. Det vil og vera mogeleg å leiga Hagerupshuset til ulike arrangement.

Eining for kultur arbeidar no med korleis nye tilbod og reglar for utlån/leige av Hagerupshuset skal vera. Detaljar kring dette vert kunngjort når det er klart.

Stord kommune vil nytta høve til å takka Venelaget for Hagerupshuset for fantastisk arbeidet over mange år. Det er ei rekkje eldsjeler som har stått på for å skapa gode møteplassar og treff for innbyggjarane i kommunen, og me sendar ei ekstra takk til dei.