Eining for kultur ved Frivilligsentralen har dei siste åra hatt ansvaret for drift av Leirvikstova. I Leirvikstova er det full aktivitet og organiseringa av aktivitetane fungerer godt. Eining for kultur ynskjer difor å drifte Hagerupshuset etter same modell som Leirvikstova. 

Det vil seie at lag og organisasjonar kan låna Hagerupshuset gratis, når dei har aktivitetar eller arrangement som er opne for alle. Lag og organisasjonar kan og leige lokalet til ein rimeleg pris, for aktivitetar og arrangement som berre er for medlemmar/lukka arrangement. Hagerupshuset kan også leigast til andre lukka arrangement som t.d. årsmøte, konfirmasjonar, dåp, minnestund og liknande.

Frå skulestart i august opnar me for lån og utleige av Hagerupshuset. Meir informasjon om prisar og kontaktperson vil koma her på nettsida til Stord kommune.