Ordførar Harry Herstad held taleOpninga torsdag 16. juni vart markert med allsidig program. Ordførar Harry Herstad klypte over greina med hjelp frå barn i Sæ barnehage. Barna underhaldt dessutan dei frammøtte med skodespel frå Hakkebakkeskogen, og Rommetveit skulekorps spelte. Stord Bygdekvinnelag serverte lappar og rauddravle som ein del av deira prosjekt "Bygda i bevegelse".

Største friluftsprosjektet

Prosjektleiar Sylve Rusten frå Stord kommune heldt takketale til støttespelarane og grunneigarane. Oddvin Øvernes frå Friluftsrådet Vest kom med helsingar og overrekte tursekk til både prosjektleiaren og ordføraren.

- Det var mange nøgde fjes og mykje glede over turvegen så langt han er komen, sjølv om ein lyt venta enda nokre veker før alt er ferdig. Sluttdato er sett til 16. september for heile prosjektet, men turvegen kan brukast frå 8. juli, elles er her stengt då det er eit anleggsområde. Dette skuldast seinkingar i leveranse på delar til VA. No er det berre traseen langs Frugardselva som kan nyttast. For Stord kommune er dette det største friluftsprosjektet som er gjennomført nokon gong. Lett tilgjenge til ein god turveg gjer det lettare for dei fleste å koma seg ut i naturen for rekreasjon og mosjon, og begge delar har stor innverknad på folkehelsa, fortel Astrid Larsen i Stord kommune, og rettar ein stor takk til alle som Saks som klipper greinhar gjort turvegen rundt Ådlandsvatnet mogleg.

Bilete på topp: Prosjektleiar Sylve Rusten held tale for dei fleire hundre frammøtte (alle foto: Astrid Larsen)

Bilete øvst i tekst: Ordførar Harry Herstad held tale.

Bilete nedst i tekst: Opninga vart markert med klipping av grein.