Dei første språkkommunane starta opp i fjor. No utvidar Utdanningsdirektoratet lista ved å velga ut 28 nye kommunar blant 38 søkjarar. Stord ein ein av desse.

- Eg er glad for at me får delta i denne ordninga! Me ønskjer å heva kompetansen, som språkkommune får me ressursar til å arbeida med språk og språkbruk i skule og barnehage. Stord gjer det ikkje så bra i lesing på nasjonale prøvar, og i matematikk er det påfallande at særleg tekstoppgåver synest vanskelege. Me ønskjer meir kunnskap i arbeidet med fleirspråklege elevar, og barnehagane treng meir kunnskap om språkutviklinga til minoritetsspråklege, seier rådmann Magnus Mjør.

Språkkommunane får tilskot som går til å etablera og drifta lokale faglege nettverk. Lærarar og barnehagelærarar skal delta i desse faglege nettverka for å utvikla nye måtar å jobba lokalt med språk, lesing og skriving i barnehage og skule. Kommunane får tilskot til delvis frikjøp av ressurslærarar. Dei får òg fagleg støtte undervegs frå Lesesenteret og Skrivesenteret.

Les meir om å vera språkkommune her.