Først og fremst betyr dette at publikum får sjå filmane medan dei er nye og omtalte i media, og ikkje minst at filmane har topp kvalitet utan striper og andre slitasjeskader uansett kor mange gonger dei blir vist.

Med digitaliseringa får kinoen og større inntektspotensiale fordi utstyret kan brukast til meir enn å visa film. Det er til dømes mogeleg å visa operaframsyningar fra verdas store operahus, og i framtida konsertar, teaterframsyningar, idrettsarrangement o.l.

Stord kino håpar og at ein samstundes får høve til å investera i utstyr for visning av 3D-filmar. I det minste i ein av salane til å byrja med. Desse filmane er blitt svært populære, og dei gir publikum ei heilt ny oppleving som i praksis berre er tilgjengeleg på kino.