I tredje etasje hadde ein først 8 pasientar buande på korttidsopphald frå 2 veker til 2 månader. Hausten 2000 opne ein opp for 14 pasientar i avdelinga.

Fysio- og ergoterapitenesta fekk betre arbeidsforhold og fekk jobba meir samla og effektiv i dei nye lokala. Ein starta med treningsgrupper i bassenget for folk med osteoporose og revmatiske lidingar.  

Det har vore stor aktivitet på Rehabiliteringssenteret gjennom desse 25 åra. Det har vore avvikling og oppbygging som følgje av kommunen sin økonomi. Særleg tenestene drive i tredje etasje har vore i endring. I 2020 avvikla ein døgndrift då døgnrehabiliteringsavdelinga vart avvikla. I dag driv me eit flott dagrehabiliteringstilbod i tredje etasje.

Eining for aktivitet og re/habilitering har 25 år etter opninga 21 årsverk. Kompetente og dedikerte tilsette som kvar dag strekk seg langt for å gi gode tenester.

Vår visjon er at fleire er sjølvstendige og aktive i eige liv

Me gir mange tenester i eininga:

  • Fysioterapi frå 16 år.
  • Ergoterapitenester til vaksne og born.
  • Friskliv- og meistring er ein integrert del av fysio- ergoterapi tilbodet.
  • Kommunalt hjelpemiddel lager der me har ansvar for at det til ei kvar tid er naudsynte hjelpemiddel tilgjengeleg for innbyggjaren i Stord kommune.
  • Servicetenesta har ansvar for kommunale hjelpemiddel, og ansvar for logistikk rundt hjelpemiddel frå NAV for varige behov.
  • Transportteneste, sjåfør har ansvar for transporttilbod for personar med utviklingshemming til og frå dagtilbod, er også ein del av servicetenesta.
  • Førebyggjande heimebesøk, alle over 78 får eit tilbod om førebyggjande heimebesøk, tenesta består av ergoterapeut, sjukepleiar og representant frå brann og redning.
  • Demensteam jobbar med kartlegging av kognitiv funksjon, og består av ergoterapeut og sjukepleiar.  
  • Varmtvassbasseng, terapibading x 3 pr veke og lovpålagt symjeopplæring. Utleige til privatpersonar, lag og organisasjonar.

Me har to rehabiliteringstilbod i Stord kommune. Her jobbar me tverrfagleg og målretta saman med brukar

  • Dagrehabilitering i tredje etasje i Stord kommunale rehabiliteringssenter, rehabilitering i tilrettelagte omgjevnader i eit motiverande miljø. Tilbodet består av fysioterapeut, ergoterapeut og helsefagarbeidarar.  
  • Heimerehabiliteringsteam, består av fysioterapeut, ergoterapeut og sjukepleiar. Me gir rehabilitering i heime og nærmiljø.
  • Logoped har kontor hos oss, og er ein viktig samarbeidspart
  • Syns og audiopedagogiske (SAPT) tenester nyttar våre lokale
  • Kreftforeininga nyttar våre lokale til treffpunkt

Me opplever auke i hendvendingar i alle tenester. Me har knappe ressursar innan aktivitet og re/habiltering, men jobbar  heile tida med å ressursane våre effektivt.  

Me driv mange førebyggjande gruppetilbod der me når fleire med ressurane me har:

  • Aktivsenior (65+)
  • AktivA
  • Aktiv etter kreft
  • Muskelskjelett gruppe i basseng
  • Håndtreningsgruppe
  • Trygg på to bein
  • Parkinsongruppe
  • Kondisjonsgruppe utandørs (friskliv)
  • Styrke og kondisjon innandørs (friskliv)
  • Slaggruppe

Pasienten og brukarane sine behov, ressursar og mål skal vera utgangspunkt for tiltak og tenester i rehabiliteringsforløpet. Tenestene må tilpassast ut frå kva som pasient og brukar definerer som sine mål. Dette stiller krav til individuell tilnærming og høg grad av brukarmedverknad. Eit av våre mål er at fleire bur trygt og lenge heime der ein har føresetnader for å ta ansvar og gode val for eige liv. 

Me er opptatt av å formidla at det er betre og billegare å førebyggja enn å reparere.