Som tredje arbeidsgjevar i Sunnhordland og kommune nummer 2 i Noreg til å signera ein strategisk partnarskapsavtale med NAV tek Stord kommune særleg føre seg:

  1. Eit nærværsprosjekt med fokus på å redusera sjukefråværet i kommunen.
  2. Rerkrutteringsstrategi, der inkludering skal vere ein viktig del av strategien.
  3. Rekruttering av lærlingar i samarbeid med NAV.

- Å få på plass ein strategisk samarbeidsavtale med ein av dei største arbeidsgjevarane i regionen vår, målt i tal tilsette, er ein stor anledning. No ser me fram til å ta fatt i arbeidet og levera dei tenestene som Stord kommune som arbeidsgjevar måtte ha behov for, seier Håvard Lægreid.

Ein strategisk partnarskapsavtale mellom arbeidsgjevaren og NAV betyr at arbeidsgjevaren får ein fast kontrakt i NAV for arbeidsgjevarretta tenester, og får tilgang til alle arbeidsgjevarretta tenester i NAV - etter det behovet kommunen måtte ha.

- Me er glade for å ha fått på plass ein avtale med NAV som formaliserer og strukturerer samarbeidet mellom oss. Me har allereie eit godt samarbeid med NAV, og mottek fleire ulike tenester. No er me glade for å kunne ta eitt skritt til vidare, saman, seier Siren Eldøy Hinderaker.

Nytilsett HMT-leiar Malin Hamnes vert NAV sin kontaktperson i Stord kommune, og Chris-André Elvik vert Stord kommune sin kontaktperson i NAV.