Det var Einar Almås og Anne-Grete Sandtorv som delte ut prisen.

- Det er veldig gøy og eg er veldig glad for, og på vegne av DNB, å få lov å dela ut Folk i sentrum prisen for første gong. Vinnaren tar eiy stort samfunnsansvar når da gjeld å lera barn og ungdom å debattera tema og emne som dei er engasjert i. Vinnaren er ein aktiv nynorskbrukar og han er oppteken av at dei unge skal bruka nynorsk. Han har eit personleg klimaengasjement og er vaksenkoontakt for miljøagentane på Stord. Han er redaktør i nynorskavisene Framtida.no og Framtida junior. No i vinter gav Framtida junior ut ei heil avis, sa Einar Almås.

Berekraft handlar i kvardagen om å ta medvetne val, som enkeltperson og som del av ein organisasjon eller eit samfunn. I verksemder og organisasjonar kan ein ha strategiar for samfunnsansvar og berekraft, men til sjuande og sist er det enkeltpersonar sine handlingar som utgjer ein forskjell. At verdien av handlingar som viser samfunnsansvar og berekraft vert satt pris på. 

- Me håpar at denne prisen vil vera med å inspirera enkeltpersonar til å ta eit større samfunnsansvar for ei berekraftig utvikling og at ein ser at da nyttar sjølv om ein kanskje trur eg jobbar åleine med ting, sa Anne-Grete Sandtorv.

Prisen er eit kunstverk laga av Stordkunstnaren Lena Walton Herfindal, og skal vera eit symbol på at enkeltmenneske gjer ein forskjell og at det er viktig at me set folk i sentrum.

Juryen for «Folk i sentrum prisen» var; Einar Almås, banksjef DNB, Magne Kydland, redaktør Bladet Sunnhordland, Gaute S. Epland, ordførar Stord kommune og Anne-Grete Sandtorv, dagleg leiar Stord Næringsråd.